nesset-einarengdal

Aktuelt – et giftfritt Nesset!

Organisasjonen «JEG VELGER MEG ET GIFTFRITT NESSET» har som formål å stoppe planene for etablering av deponi for farlig uorganisk avfall på Rausand. I tillegg er det planer om ytterligere utvidelser av dagens drift, det såkalte deponi 2, som også må stanses. Organisasjonen vil samtidig ha fokus på opprydding etter tidligere drift.


I fakkeltog mot giftdeponi i Nesset

I fakkeltog mot giftdeponi i Nesset

Hanne Iren Dalen og Vanessa Hagen er arrangørane bak fakkeltoget mot giftdeponi på Rausand i Nesset. FOTO: ROAR STRØM / NRK

Det er stor motstand mot planen om å bygge eit deponi for farleg avfall i Nesset og laurdag vart dette markert med fakkeltog. Innbyggjarane fryktar at fjorden og grunnvatnet skal bli forureina.

– Dersom alle saman engasjerer seg, trur eg at vi saman klarer å stoppe deponiet, seier Amanda Grande Eikås (19). Ho er ei av dei som møtte opp for å gå i fakkeltog i Tingvoll, nabokommunen til Nesset.

Nesset kommune og selskapet Bergmesteren ynskjer å etablere eit nasjonalt mottak for farleg industriavfall. Anlegget på Langøya i Oslofjorden er snart fullt, og Nesset er dermed eitt av to alternativ som blir vurdert. Det andre er Brevik i Telemark.

nrk_amanda eikaas_18...

Amanda Grande Eikås er bekymra for heimstaden sin og fryktar forureining dersom det kjem avfallsdeponi på Rausand. FOTO: ROAR STRØM / NRK

Avfall i fjellhallar

I Nesset er planen å bygge enorme hallar inne i fjellet på Raudsand og lagre giftig avfall frå store deler av Nord-Europa. Motstanden mot deponiet er stor både blant innbyggjarane i Nesset og i nabokommunane. Folk fryktar at det skal lekke gift frå fjellet og ned i fjordsystemet. Tidlegare har det vore gruver i dette området.

– Eg ynskjer å bu her når eg vert vaksen og dersom heimplassen min vert øydelagt, kan eg ikkje det, seier Amanda Grande Eikås. Ho hadde så sterk heimlengsel då ho budde vekk eit år for å gå på skule, at ho flytta heim. Då ho fekk høyre om det planlagde giftdeponiet vart ho sjokkert. Skrekken hennar er at alle attraksjonar som Atlanterhavsvegen og Mardalsfossen skal verte øydelagt av forureining.

Naboane langs kysten vert råka

nrk_sørheim_180122

Kristin Sørheim meiner det er rett at nabokommunane engasjerer seg i saka. FOTO: ROAR STRØM / NRK

Vanessa Hagen er ein av initiativtakarane bak laurdagens fakkeltog og støttekonsert mot giftdeponiet. Også ho vart sjokkert då ho fekk høyre om planane.

– Eg er bekymra for forureining i fjorden. Eg er også bekymra for eksplosjonar og for transporten av avfallet langs kysten, seier Hagen.

Kristin Sørheim, styreleiar i organisasjonen «Jeg velger meg et giftfritt Nesset» meiner at forslaget om giftdeponi er dårleg. Ho viser til dårleg bergkvalitet og stor risiko for forureing av fjord, luft og vatn.

Politikarane i Nesset er positive til planane, men Sørheim synest ikkje det er feil at nabokommunane no blandar seg inn i deira saker.

– Det er slik at dette kjem til å påverke nabokommunane meir enn Nesset. Dei har berre en liten snipp ned til fjorden, seier Sørheim. Ho meiner at dei som får merke dei negative konsekvensane av eit anlegg er Sunndal, Tingvoll, Gjemnes, Averøy og Kristiansund.

Skal vere trygt

Selskapet Bergmesteren har lagt fram rapportar, der fleire konsulentbyrå har vore involvert, som seier at det er gjennomførbart å bygge deponiet. Selskapet har heile tida sagt at bygginga av deponiet skal skje på ein trygg måte, visst ikkje blir ikkje anlegget bygd.

nrk_fakkeltog_180120

Mange møtte opp i fakkeltoget laurdag kveld. Selskapet Bergmesteren forsikrar at det skal vere trygt å bygge avfallsdeponiet. FOTO: ROAR STRØM / NRK

Kilde: nrk.no / 20.01.18

Share