nesset-einarengdal

Aktuelt – et giftfritt Nesset!

Organisasjonen «JEG VELGER MEG ET GIFTFRITT NESSET» har som formål å stoppe planene for etablering av deponi for farlig uorganisk avfall på Rausand. I tillegg er det planer om ytterligere utvidelser av dagens drift, det såkalte deponi 2, som også må stanses. Organisasjonen vil samtidig ha fokus på opprydding etter tidligere drift.


Staten førebur sal av eigedom på Raudsand – lover å rydde opp

Staten førebur sal av eigedom på Raudsand – lover å rydde opp

Spørsmål til statsråden: Stortingsrepresentant Steinar Reiten, KrF. FOTO: RICHARD NERGAARD

Departementet førebur sal av statleg eigedom på Raudsand. Statsråden lover opprydding, men ber Miljødirektoratet om utvida frist.

Stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) er oppteken av forholda på Raudsand i Nesset. Han stilte på tampen av 2017 spørsmål til nærings- og fiskeriministerminister Monica Mæland om miljøstatus for statens eigedom der, i samband med at det er aktuelt med avhending.

Fullmakt til sal av eigedom Stortinget gjorde i desember vedtak om å gi Nærings- og fiskeridepartementet fullmakt til å avhende eigedom på Raudsand.

Spurde om opprydding

– Kan statsråden stadfeste at eventuelle uavklarte forhold rundt miljøstatus på området som skal avhendast, vil bli retta opp før sal er gjennomført, eventuelt at kjøpar ved kontrakt vert pålagt å sørgje for at dette skjer innan ein gitt tidsfrist? spurde Reiten.

Ulovleg lagra avfall

Bakgrunnen er varselet Miljødirektoratet har gitt departementet om å fjerne ulovleg lagra avfall inne i den nedlagde gruva. Det gjeld 25–30 big-bags, som truleg inneheld møllestøv eller saltslagg frå aluminiumsproduksjon.

Dette vart avdekka under synfaring på Raudsand hausten 2017. Det vart også påvist gassbobler i personsjakta, og kullos i gruverommet.

– Grunneigars ansvar

Direktoratet konkluderte med at det er grunneigar, altså staten, som har ansvar for at det ulovleg lagra avfallet vert levert til forsvarleg behandling.

Direktoratet meiner det også er naturleg at grunneigar sørgjer for at det vert kartlagt nærare kva gassar som vert utvikla i sjakta.

Statsrådens svar

Statsråd Mæland svarer at departementet førebur sal av statens eigedom på Raudsand, og at Direktoratet for mineralforvaltning, DMF, er gitt oppdraget med å gjennomføre prosessen.

– Eg er kjend med at det på statens grunn er utfordringar knytt til miljøforhold etter tidlegare gruvedrift. I samband med førebuing for sal, vil DMF innhente ekstern vurdering av eigedommens tilstand, inkludert vurdering av kostnad med opprydding, skriv Mæland.

Ansvar

Ho poengterer at DMF etter å ha innhenta tilbod frå potensielle kjøparar, må legge fram endeleg avtalen forhandlar fram med kjøpar.

– Ansvar for ivaretakelse og tiltak omkring miljøforholda på statens eigedom på Raudsand, vil bli inkorporert i salsprosessen, presiserer ministeren.

Treng meir tid

– Eg er kjend med varselet frå Miljødirektoratet om fjerning av big-bags. Eg vil følge opp varselet og eventuelle pålegg. Fordi saka er tidkrevande, har departementet nyleg bedt direktoratet om utsett frist for opprydding, fram til 1. oktober 2018, skriv Mæland.

– Må undersøke meir

– Eg er tilfreds med at statsråden no forsikrar om at det skal bli rydda opp, enten av staten sjølv, eller etter dialog med kjøpar, seier Reiten i kommentar til Romsdals Budstikke.

Han er derimot ikkje fornøgd med manglande undersøking av gassdannelsen i sjakta.

– Dette må ein få undersøkt, både kva det er, og årsakene, seier Reiten.

– Ser du saka i samband med planen om etablering av deponi for farleg avfall?

– I denne omgang handlar det om å få orden på eksisterande deponi, og det som ligg igjen etter tidlegare. Men når det er snakk om at eigedom kan kjøpast ut, kan det vise seg at det kan vere del av prosessen med å etablere deponi for farleg avfall. Eit slikt deponi har vi som kjent sagt at vi er heilt i mot, og at vi vil gjere vårt ytterste for å hindre at det blir eit slikt deponi på Raudsand, seier Reiten

Kilde: rbnett.no / Anita Vingen 09.01.18

Share