nesset-einarengdal

Aktuelt – et giftfritt Nesset!

Organisasjonen «JEG VELGER MEG ET GIFTFRITT NESSET» har som formål å stoppe planene for etablering av deponi for farlig uorganisk avfall på Rausand. I tillegg er det planer om ytterligere utvidelser av dagens drift, det såkalte deponi 2, som også må stanses. Organisasjonen vil samtidig ha fokus på opprydding etter tidligere drift.


Kritisk til deponi

Kritisk til deponi

Foto: Driva (illustrasjonsbilde).

Planavdelinga i fylkeskommunen meiner eit avfallsdeponi på Raudsand harmonerer dårleg med det reiselivsnæringa og oppdrettsnæringa marknadsfører seg på. Både nasjonalt og internasjonalt.

Det er i høyringsuttalen til søknaden om etablering av eit deponi 2 i dagen for ordinært avfall på Raudsand at fylkeskommunen uttalar seg kritisk til planane. I tillegg har Bergmesteren søkt om å få etablere eit deponi for farleg avfall i planlagde fjellhallar på Raudsand.

 

Fylkskommunen viser i sin høyringsuttale til deponi 2 at Møre og Romsdal er eitt av Norges største sjømatfylke, med ein eksport på oppunder 17 mrd. kr i 2016. Av dette representerte laks og aure 9,6 milliardar kroner.

"Nordmøre er ein betydeleg oppdrettsregion, og omlag 55 % av alle konsesjonane for oppdrett av laks i Møre og Romsdal er lokalisert her. I Tingvollfjorden er det stor oppdrettsproduksjon. I fjordsystemet blir det produsert om lag 11 000 tonn oppdrettslaks årleg. Aktørane er Lerøy Midt AS som produserer matfisk på fire lokalitetar i midtre og ytre del av fjordsystemet, og Aqua Gen AS som produserer stamfisk. Produksjon av stamfisk er særleg verdifull, og Aqua Gen AS er ein av dei leiande internasjonale stamfiskaktørane på laksefisk. Dei har ein stor del av sin stamfiskproduksjon på tre sjølokalitetar i indre del av Tingvollfjorden.

Etablering av eit avfallsdeponi kan i verste fall bety ein trussel for store delar av oppdrettsnæringa på Nordmøre. Dersom større aktørar vel å trekkje ut sin produksjon frå dette området inneber det tap av eit stort tal arbeidsplassar både lokalt og regionalt, og området kan tape verdiskapinga som oppdrettsnæringa og tilknytte næringar står for. Eit eksempel på ringverknader er at dersom Aqua Gen AS skulle trekke seg ut frå Tingvollfjorden, vil det ramme Pure Norwegian Seafood AS på Averøy som har samarbeid med Aqua Gen om slakting av overproduksjon og produksjon av lakserogn til konsum.

Det må også nemnast at 11 kommunar på Nordmøre sidan 2013 har arbeidd med ein interkommunal plan for sjøareala. Arbeidet er gjort for å få eit oppdatert og heilskapleg planverk som er rigga for framtida og i stand til å ivareta veksten i dei marine næringane. Planen er i ferd med å bli sluttført og er venta godkjent i kommunane i løpet av året. Eit deponi som omsøkt er ikkje vurdert i denne planen og kan ikkje utan vidare sameinast med dei arealdisponeringane som er gjort der. Eit slikt deponi vil kunne hindre nye etableringar og utvikling av dei marine næringane i området, skriv fylkesmannen.

 

Fylkeskommunen er og bekymra for reiselivsnæringa:

"Reiselivsnæringa har eit sterkt fokus på berekraft og grøn utvikling. Dette er tydeleg både i den nye stortingsmeldinga om reiseliv – «Opplev Norge – unikt og eventyrlig» (Stortingsmelding nr 19 2016-2017) og i Innovasjon Norge sin nyleg lanserte strategi for reiselivsutvikling. Målet er å skape 20 000 nye jobbar i reiselivsnæringa innan 2025, frå 160 000 til 180 000 arbeidsplassar samla sett for landet. Reiselivsnæringa har som ambisjon å ta posisjonen som den leiande naturbaserte destinasjonen i verda, og Møre og Romsdal har mål om å bli «aktivitets- og opplevingsfylke nr 1 i Norge».

Eit avfallsdeponi på Raudsand harmonerer dårleg med det reiselivsnæringa sel, både nasjonalt og internasjonalt, som er rein og urørt natur. Raudsand ligg i eit område med mange sterke reiselivsprodukt som mellom anna Tingvollost – kåra til verdas beste ost, Angvik Gamle Handelssted – vurdert som eit av Norges beste hotell på Booking.com og Tripadvisor, Øksendalen og Sunndalsfjella – topptur- og vandredestinasjon i verdsklasse, Eikesdalen og Innerdalen – Norges vakraste fjelldalar, samt Dovrefjell og Sunndalsfjella Nasjonalpark.

Å plassere eit avfallsdeponi i dette området vil venteleg svekke omdømmet til reiselivsnæringa og kan over tid påverke talet på arbeidsplassar i denne næringa, skriv fylkeskommunen.

Lenke til saken - Driva

Share