nesset-einarengdal

Aktuelt – et giftfritt Nesset!

Organisasjonen «JEG VELGER MEG ET GIFTFRITT NESSET» har som formål å stoppe planene for etablering av deponi for farlig uorganisk avfall på Rausand. I tillegg er det planer om ytterligere utvidelser av dagens drift, det såkalte deponi 2, som også må stanses. Organisasjonen vil samtidig ha fokus på opprydding etter tidligere drift.


Massiv motstand mot deponisøknad

Massiv motstand mot deponisøknad

Vi er no oppe i 45 høyringsuttalar, det er relativt sett svært mange. Og framleis ventar vi på nokre som har fått utvida frist, opplyser Siri Haug, rådgivar ved Industri- og havavdelinga i Miljødirektoratet. Foto: Bjørn Brunvoll Rbnett
…………………………

Deponi 2

Høyringsrunden gjeld Bergmesteren Raudsand AS sin søknad om etablering av eit deponi 2 for ordinært avfall på Raudsand. Denne deponietableringa kjem i tillegg til verksemd Bergmesteren Raudsand AS er i gang med, og i tillegg til plan om nasjonalt deponi for farleg avfall, som bedrifta ønsker etablere i fjellhallar på Raudsand.

Deponi 2 er tenkt plassert oppe på fjellet i eit tidlegare dagbrot, der planen er massar lagt som dekke over sekkar/big-bags med møllestøv som ligg igjen etter tidlegare verksemd. Det meste av deponimassane vil vere forureina lausmassar frå bygg- og anleggsverksemd.

Søker unntak

Det vert søkt om unntak frå avfallsforskriftas krav om dobbel botntetting i deponiet, og vist til miljørisikovurdering som seier at risikoen er låg med prosjekterte tettetiltak som skal hindre diffus utlekking.

Negative

Med unnatak av Nesset kommune, er uttalane i hovudsak svært negative til deponiet.

– Dei aller fleste er absolutt negative, ja. Og det er stor variasjon, uttalane har mange ulike tilnærmingar, seier Haug.

– Kva vektlegg direktoratet i prosessen?

– Det er totalbildet som er viktig for oss. Alle sider skal med i vurderinga vi gjer opp mot forureiningslova. Alt skal grundig behandlast, seier Haug.

…………………………….
Les mer i rbnett (pluss-artikkel)

Share